Det finnast ikkje dårleg veir, berre folk utan regnponcho

Vi er i Kaohsiung! Det er Taiwans nest største by, og ligg heilt sør i landet. Ettersom her kun bur 2,6 millionar taiwanesarar er byen også litt koslegare enn Taipei og har blant anna ein park og ei havn – som kan minne ørlite om Oslo.

Sjølv om vi har hølva gjennom utruleg mykje dei tre siste dagane, har vi også sove eindel. Skulle nesten tru vi begge trengte ein ferie. Det er hvertfall ikkje dei gode sengene som er grunnen til at vi har sove så lenge, for dei er like harde som Siv Jensens ytre.  Og med ”ein del” meina eg at vi har lagt oss klokka 23 og stått opp kl 14…

IMG_0763

Vi søve, og det er flott. No nokre kjappe fakta om Taiwan så langt:

  • Det er veldig reint her, til tross for at eg ikkje finnast ein einaste søppelbøtte. Nada, null og niks. Einaste søppelbøttene som er å oppdrive er på toaletta (kor det sjjølvsagt er søppelbøtte til å kaste det brukte dopapiret – rørsystema her tåle ikkje dopapir. Heilt sant.)
  • Det seiast at folk her kan engelsk. Det er kanskje lett å få inntrykk av det sidan alle sei ”byebye” i staden for hadet på kinesisk – men det er så langt det strekke seg.
  • Dei skriv ofte nedover, og ikkje bortover på menyar noko som gjer det endå vansklegare å finne ut om dei har fried rice.
  • Barar finnast ikkje.
  • Alle apotek ser ut som nattklubbar ( eller så er det berre vi som er litt vel hungrige på ein øl)
  • Tbana fungerar like gode som brunost på nybaka brød
  • Dei er glad i Sveits og det er lov å gamble her. Er det eit skatteparadis mon tro?
  • Her er ingen vestlege personar. Dei vi har sett huskar vi akkurat kor dei såg ut og kor vi såg dei – så få er det. For å sei det enkelt; vi er kjendisar. Tenk! Jonathan som er høg, har hår på leggane og tendensar til skjegg og eg som også er høg og blond!
  • Einaste hunderasen vi har sett er puddel. Lurar på om dei er heilage?

Så, kva har vi gjort på dei siste dagane? Vi har no vore i Kaohsiung i tre dagar, og budd på to fine hotell midt i byen.

Første dagen klarte vi å nøste opp eit ”Art District”. Der hadde dei utruleg mykje hipt og trendy. Det var nok sterkt inspirert av Art District i Beijing, men en fantastisk fin hipster-impuls midt opp i  all suppe og tempel. I den delen av byen fann vi også ein vestleg bar. Med vestleg meina eg då at dei selte pommes frites, hadde engelsk meny og bilde av viktige ”vestlege ting” som: det amerikanske- og britiske flagget, Marilyn Monroe, Elvis, Michael Jackson + at der var eit par engelske plommemodne menn som truleg hadde funne kjærleiken i Taiwan via nettdating.

IMG_0736

Dagen etter måtte vi sjølvsagt opp i den høgste bygninga i byen. Det var ikkje akkurat som Taipei 101, men høgt nok. Hverfall for Jonathan som verkeleg har fått trimma høgdeskrekken sin dette opphaldet. Som turistattraksjson velge eg å gje den 3 av 6.

Ikkje nok med at eg fekk gå opp i den høgste bygninga fekk eg også gjennom massasje. På det superkule nattmarkedet måtte vi ut med heile 130 kr for to 30 min massasjar. Idrettsutøvaren Jonathan har aldri fått ordentlig massasje før, og hvertfall ikkje av ein tilsynelatande blind, asiatisk mann. Eg på mi side er gamal i gamet og synes det var heilt toppes og dritbra – ikkje dritvondt og heilt medium som den andre delen av reisefølget.

Ettersom mitt mål for turen er å få Jonathan lei av tempel, bar turen vidare til ”lotus Pond” utanfor byen som blei beskrive som eit ”handmade lake”. Det var kanskje handlaga, men eg ville kanskje gitt det ein meir nøyaktig beskrivelse – for der skjedde det mykje, du!

Der var det Wakeboard-bane i vatne, ein kunne Kite, fiske, ete, drikke (øl), gå på fjelltur og der var sikkert 15 tempel.

13410756_10157090226950441_1231554990_o

13446079_10157090227065441_981629229_o

Det var ein klassisk ”for mykje av det gode” asiatisk turistattraksjon. Om taiwaneranane nokon gong spør seg sjølv kva skattepengane går til, vil eg nok tru at ein god andel har gått til det prosjekte rundt den dammen.

Vi var sjølvsagt innom dei fleste tempela, og når Jonathan knekte ut av seg at ”Nei, jeg trenger ikke ta bilde og se inn i det tempelet, de er jo ganske like” Følte eg at mitt mål var oppnådd. Han er lei av tempel!!!

Det kan også ha noko med at vi (Jonathan) faktisk har sett fleire tempel enn skate-spots. Og det skal eg fortelje dykk – det skal mykje til.IMG_0788

Så til det klassiske spørsmålet – har dykk hatt bra veir?

Her er svaret nei. Nei som i det faktum at det har høljeregna kvar ettermiddag. Men, det har absolutt ikkje satt nokon stoppar for oss. Vi har nemleg mista all verdighet å kjøpt oss regnponchoar. Eit fantastisk klamt og nyttig plagg som gjer oss rusta for veir og vind. Elskar regnponcho.

13467758_10157090227090441_2050252900_o

13446212_10157084224080441_1958562067_o

…og dette innlegget blei skrive for veldig lenge sidan. No har vi oppgrdert frå eit hotell utan stjerner til eit firestjerners hotell, det er kjempefint veir, og vi skal til «Hakka Village» – ein landsby kor Taiwans urbefolkning bur.

Advertisements

Det meste går ikkje som planlagt

Ja, då har vi vore her i 3 av 15 dagar, og eg er framleis like nøgd med reisefølge og reisemål. Asia er jo Asia, så det er jo alltids litt komplikasjonar men, det er eg jo vant til.

Noko som er ganske merkeleg, og forsåvidt ganske typisk Kina er det faktum at når vi mellomlanda i Kina på veg hit, var Taipei klassifisert som eit ”internasjonalt” reisemål. Det vil sei at vi måtte på den internasjonale teminalen. For sjølv om Taiwan høyre til Republikken Kina er det ikkje rekna som ”domestic”. Klassisk Kina.

 

Det var no det.

13396515_10157074752370441_683451473_o

Ellers har vi leita desperat etter ein stad med alkoholservering. Av ein eller annan merkeleg grunn serverar dei ikkje alkohol der man kan ete. Og barar – det finnast knapt. Etter eit lite gla´vors på hotellrommet bar det derfor ut til den nærmaste baren vi hadde googla oss fram til. Det viste seg vidare at der ikkje berre var ein bar, men fleire, og alle desse barane (og der vi bur) er rekna som LGBT distriktet i Taipei. Hyggelig. Også veldig hyggelig for Jonathan. Der var for eksempel ikkje dodør på gutedoen.

 

Vi tok oss berre ein øl der.

 

Ikkje det at det vart så mykje betre då vi fann eit anna district med barar. Det viste seg nemlig at der vi vireklig hadde tenkt å smake på Taipeis gode liv var eit undercover redlight district. Korleis vi skjønte det? Alle ”barane” låg i ein kjellar. Der var ekstraordinært mykje neonlys og barane hadde namn som alle inneholdt ord som ”lady”, ”pleasure” og ”love”. Flotte ord, men ikkje akkurat det vi hadde i sikte – eller nokon gong kjem til å ha i sikte. På grunn av den litt vel spennande kvelden kasta vi raskt inn handkledet og dro på Mos(s) burger. Asia er Asia og på ein klassisk fastfood burgerkjede har dei sjølvsagt ikkje hamburger – men risburger. Då vart det lett to risburgrar (les: kompakt ris som burgerbrød). Det var imponerande godt, faktisk!

 

I 4-draget når vi hadde komt oss heim skulle vi kjapt sjekke hotell på vår neste stopp på turen – Kaohsiung. Der var det kun eit ledig hotell til 16 000,-. Det må vere feil, tenkte vi – og la oss.

 

Dagen etter når vi vakna i lett panikk over å ikkje ha ein stad å bu dei neste tre dagane sjekka vi igjen. Jauda. det var utsolgt. Det har seg nemleg slik at det er Dragon Boat Festival denne helga og HEILE Taiwan er på ferie – i kaohsiung. Etter mange dårlege alternativ kom vi fram til eit heilt greitt hotell, rett under medium på komfortstigen. I og med at vi no var sikra ein stad å bu gjaldt det berre å kome seg dit. Vårt store mål for dagen var derfor å kome oss til togstasjonen. Heldigvis for oss viste det seg at vi budde rett ved sidan av den, og billettmaskina var delevis på engelsk. Smooth as slik.

På togstasjonen var der også eit 1 km langt kjøpesenter under bakken. Der kjøpte vi (eg) oss ei selfiestang og ei lommebok med ein katt på. To særs gode kjøp.

 

Vi la oss, og no er vi på veg i lyntog til Kaohsiung. Tjohei!

 

For spesielt interesserte kan eg også nevne at vi var innom tre tempel den dagen. Det vil sei at vi no har vore innom rundt seks tempel. Om vi fortsetter slik er vi oppi over 30 tempel innen vi drar heim! … og då må vel Jonathan begynne å gå litt lei?

 

13410548_10157067216940441_596392563_o

Tyngden du trenger til å reise dit du vil

I følge Handelshøgskulen BI har eg no fått tyngda eg trenge til å jobbe med det eg vil. Eg har nemleg ei bachelorgrad i Markedsføringsledelse med fordypning i Merkevarestrategi. Tenk på det, du.

Av den grunn fann eg ut at eg fortjena ein ferie. Ein ferie kor det ikkje er ei pensumbok i sikte.

I og med at eg har alle pensumbøkene på rommet mitt, er det ikke så vanskeleg å få pensumbøkene ut av sikte, men eg ville langt vekk. Langt vekk til ein stad eg aldri før hadde vore. Men, ikkje åleine.

Resten av Studiegruppe 1, Skorstein, er for tida i Italia og spise pasta – og der skal ho bli heile sommaren. Ho er faktisk på utveksling for dei som ikkje veit det. Av den grunn måtte eg derfor finne på noko nytt. Heldigvis trengte eg ikkje å tråle heile byen, for kjærasten min er jo ein alletiders kar og en person eg gjerne kan vere saman med 15 dagar i strekk. Studiegruppe 1 har dermed tatt siesta (for nokre månadar), og Turkameratene er sesongens it- reisepar.

 

Vi dro dermed på tur til Taiwan.

 

Taiwan er jo ein stad ingen har vore, og ingen har høyrt særleg mykje om – og det er jo spennande nok i seg sjølv. I tillegg er det jo kjekt å sjå haedseta mine sitt heimland. Dei er nemleg Made in Taiwan.

Etter ein litt for lang flytur med China Southern Airlines, er vi no framme og har vore i Taipei (hovudstaden) i 28 timar. Vi har riktignok sove 16 av desse timane, men vi har fått med oss ein del.

IMG_0690

Mitt mål for turen er heilt klart å få min kjære Jonathan til å bli drittlei av tempel. Eg, som har budd i Kina og saumfart heile Søraust-asia er allereie drittlei av tempel, så derfor hadde det vore fint for meg å få Jonathan; som aldri har vore utanfor Europa til å bli det óg.

Et tempel i asia er på ein måte som asias Espresso house – dei er på kvart eit hjørne og er heilt, heeeilt prikk like.

Derfor byrja vi dagen med nettopp det – vi dro i det jevaste tempelet i byen. Det var ein fint tempel, det var det – men absolutt ikkje ulikt noko anna tempel eg har vore i.

Dei tre andre tempela vi var innom seinare på dagen var også mykje av det same. Men, Jonathan er ikkje lei tempel enda – så fleire skal det bli.

Vidare dro vi til den nest høgste bygninga i heile verda: Taipei Tower 101. Det var høgt det! Og ikkje berre var det høgt, det var og ein særs velorganisert turistattraksjon som hadde alt ein turist kan draume om: godt kø-system, rask heis, nydelige toalettfasaliteter, photo-booth, benkar og ei flott utsikt. Eit lite stalltips eg kan gje andre reisande er å dra opp i den høgste bygninga på dag 1. Då får dykk nemlig oversikt over byen!

IMG_0670-2

Ellers har vi valsa rundt i byen på jakt etter steikt mat. Det har seg nemleg slik, at akkurat som i Vietnam er det suppe det går i. Suppe med nudlar. Supper er jo kjempegodt, men steikte nudlar er jo litt bedre. ”gate”restaurantane” sel faktisk kun suppe. Berre suppe. Omsetninga av buljong må derfor vere skyhøg! Tenk kor mange buljongterningar her går om dagen!

 

Alt i alt er eg storfornøgd med både reisefølge og reisemål. Hittil kan eg ikke anna enn å anbefale Taiwan på det varmaste.

IMG_0691

Nei, eg er ikke lagt i sele på dette bilete.. Vi prøvde VR brille meg flyge-effekt. sjukt artig.

PS: Amerikareisa som eg skreiv om sist var forøvrig heilt toppers. Einaste var at på den turen satsa vi på det sosiale mediet Snapchat, og ikkje blogging – reisa er dermed særs dårleg dokumentert skriftlig. Kort fortalt var det som den eksklusive Magaluf-turen eg ikkje fekk når eg var 17 år – fest og fanteri blanda med shopping og kule folk.

Fri Som Fuulen VOL 3.

Det er kaldt, kroppen er sliten, huda er bleik og kalenderen er fullare enn Skorstein på 2. juledag – det er vinter. Ikkje berre er det vinter, men januardjevelen har for alvor gjort sitt inntog.
I den anledning tok Studiegruppe 1 ved meg og ingeniørbaronen Skorstein ( Mari Skarstein) på oss flanellskjortene og hadde eit særs høgtideleg Facetime-møte, einaste som mangla var faktisk nynorsk møtebrus;  Mozell. Forslaga var mange.

Rio?
Fekk nok fotball-fever på forrige tur kor eg faktisk såg opp til fleire minutt av ein kamp på tv. Har aldri likt det brasilianske flagget heller…

Skitur?
Nei. Skorstein er altfor god på ski. Dessutan ligg skijakka mi i Stryn.

Roskilde?
altfor lenge til.

India?
eg har framleis forbi for kyr.

Kina?
Eg treng ny bukse, og det finn eg ikkje i Kina, for der er dei så små.

Japan?
…. der er det også vanskeleg å finne ei fine bukse? (ser etter ein lys jeans, med jamn vask og boyfriend-fit, forresten)

Amerika?
Kvifor ikkje? Aldri vore der, og Skorstein er jo kjentmann for ho var på familietur til New York i 2012.

Los Angeles?
No snakka vi.

Dermed trykte vi på yolo-knappen og bestilte to billettar til det store utland – midt i skulesemesteret.
Så, no sit vi her på Gardermoen, klar for ein real fææærie med glattetang, trillekoffert og opptil fleire sminkeprodukt.
Fri Som Fuulen VOL. 3.

Til slutt litt visuell underhaldning: Fri Som Fuuulen VOL. 2 – turen kor vi runda Asia. P1060211 Eg tek bilete av Skorstein, Kineser tek bilete av meg.

P1060361 Kvart måltid var som ein barnebursdag! Skikkelig Ryanair-kjensle med dårleg beinplass

. P1060563

Eit lite bilete av ei stor kvinne. Ein fjelltur i Halong Bay er ikkje som ein tur i Nordmarka…

P1060170

Dykk har kanskje sett reklamen på Facebook for «frukten som dreper fett» ? Vi ser framleis ikkje ut som Kate Moss, men ventar i spenning

. P1060738

Fem timars fjelltur med moderat stigning, to Sapa-damer på slep, stabile 35 grader og sår på skuldrane (derav det nydelig danderte skjerfet)

. P1060691

Det skarpe auget ser kanskje kyra/buffaloen/drapsmaskina i front? Eg byrja ikkje å grine, men dødsangsten slo inn.

P1060578

Primitivt og fint. Eg fekk ein vekkelse av min indre speidar.

P1060676

Odelsjenta tok ein for laget, og var ein kvar heimkunnskapslærars våte drøm.

P1060675

Mattilsynet hadde kanskje ikkje godkjent forholda, men vi vart faktisk ikkje matforgifta.

Merket med , , ,

Midlertidig inventar på Førde Sentralsjukehus

Det må vere noko med det. Når du går inn på akuttavdelinga til Førde Sentralsjukehus, då havnar du ikkje på akutten  – men legevakta.
Det er jo litt trist eigentleg, for man blir jo faktisk henvist til akutten for ein grunn.

Etter denne fantastiske Vietnam-turen var eg nemleg veldig sjuk.
Allerede dagen etter at eg kom heim, faktisk. I det eg steig ut i den litt friskare Oslo-lufta, då. Då. Då vart eg sjuk og svak, då. – Eg var heitare enn ein riskokar, og fraus som ein chihuahua.

Dro ikkje du til legen, tenkjer du sikkert no… – Og jaudå. Det gjorde eg.

På legevakta i Oslo klarte eg ikkje å sei namnet mitt, før eg besvimte og fekk meg ein rullestol. Rullestolen hjalp lite, for eg hadde så vondt i kroppen at eg ikkje klarte å sitte oppreist. Inne på legekontoret bladde frøken sykesøster opp på dei røde sidene i «Hva feiler det denne pasienten, mon tro?» – boka si, stilte meg meg nokre spørsmål, tok litt blodprøver og prøvde å utveksle ein samtale om kor flott etternamn eg har, før ho sendte meg vidare til eit venteværelse.

Der sovna eg.

Når eg vakna var eg på eit anna legekontor kor eg ironisk nok fekk ein vietnamesisk lege. Han skimta at eg hadde  Malaria eller Dengue feber – skumle sjukdommar som ein ikkje høyrer så mange gla’historiar om.

– Så det var nok ikkje berre en liten forkjølelse eg skulle slite med den neste månaden. Det var verre enn det. Mykje verre.

unnamed

Før eg visste ordet av det hadde eg mange ledningar i hendene (intravenøst så det heiter på fagspråket) og låg på eit passe sterilt rom i ein heller lite kledeleg kvit kjortel.

Der vart eg over natta, med blodprøvetaking og pulsmåling ein gong i timen. –  Noko som i seinare viste seg å vere rein luksus.

Dagen etter var eg nesten i toppform. Eg åt eit knekkebrød og var klar for livet igjen!
Eg hadde fått streng beskjed om å ringe legen om trivselspila skulle peike mot «sjuk» igjen, for dei var ikkje heeeilt sikre på om eg hadde Malaria eller ikkje .

Livet smilte i 5 timar – så fekk eg øyreverk. Og augeverk. Og kvalme. Og haudeverk. Og generelt vondt i sjela. Eg tok meg to Paracet og sov til neste dag.

–  Eg ville heim til ho mor. No.

Det som var litt upraktisk i denne situasjonen var at mi mor bur i Stryn og eg i Oslo, men til Stryn kom eg meg.
Der møtte eg ei bekymra mor som allereie hadde fått beskjed av dei som satt fram føre meg i flyet:

– Eg såg ei so va veldig lik deg på flyet. E de dottra di? Ho såg ikkje bra ut, du får ta godt vare på ho…

Etter eit tårevått møte med verdas beste mor, bar det rett til legen. Dei sendte meg til Førde Sentralsjukehus, og det var då festen byrja.  

– Ein fest på med ruskne lokaler, slappt vertskap, eit band som spelar dårleg musikk og dvaskne kanapeear.

Som sagt gjekk eg inn på akutten på Førde Sjukehus, på mine skjelvne føter som knappast kunne bære meg etter slitsomme dagar med blodprøver, svette og tårer.  

Ja, så satt eg og ho mor å venta på akutten (AKUTTEN), eller Legevakta då.

Der var ingen som spurde kva vi gjorde der eller kva som var gale, vi kunne like godt ha vore Ebola-pasientar for det dei visste. – Etter å ha lest to ihjel-leste “Her og Nå” frå september 2007 fekk ho mor endeleg kontakt med ei kvinne i kvit uniform.  

Så venta vi ei stund til.  

Plutseleg vart eg også «ein av dei» – og nok ein gong fekk på meg ein lite kledeleg kjortel med hol i, samt ein god dose smertestillande.   Så venta vi ei stund til. I ei seng. På eit rom.

Sånn sett hadde eg jo flaks, for eg kunne lett ha havna i gangen. Der kom mange legar fram og tilbake, men ingen ville eigentleg snakke med meg, og ingen spurde kva eg faktisk gjorde der. Det lille som blei gjort, vart skrive ned for hand på ei krølla 4-ark –Nesten like profesjonelt som radiobingoen i Stryn.

Så venta vi ei stund til. I eit skap på rommet eg låg på sto eit juletre i plast – Ferdig pynta.

juletre

Etter tre timar fekk eg tatt nokre nye prøver, fekk eit armeband med namnet mitt på (nei, ikkje eit slikt i gull med inngravert navn) så vart eg trilla opp til medisinsk avdeling i 6. etg til mine nye romkameratar. Tre kvinner, som garantert hadde opplevd både første og ande verdenskrig.
Ikkje eit vondt ord om dei; men eg tykjer dei skulle hatt eit lite lynkurs i mobil-etikette og «innestemme».

Så venta eg ei stund til. No mutters åleine.

Mamma hadde vendt nasa mot Stryn, så eg låg no der då. Ganske lenge vel og merke. Så kom der ein sjukepleiar som viste meg til kantina og spurde om eg ville dusje. Eit glas juice og ein dusj var ikkje å forakte, men etter eg såg dusjen og kantina slo eg i frå meg idéen. Juicen var grei då. (Eg drakk forøvrig appelsinjuice, for dei spesielt interressert blogglesarane mine – Type Tine Meierier, med fruktkjøtt.)  

Så venta eg ei stund til.

Legen skulle kome på kveldsvisitt, men han såg eg aldri. Einaste eg fekk ut av dei første 3/4 timane var Wifi-passordet. Det var det beste som skjedde den dagen.

Bortsett frå – at eg fekk enorme mengder med smertestillande heile tida.

Eg fekk faktisk så sjenerøse mengder med smertestillande at ein kvar Litago-drikkande bebuar på plata i Oslo hadde vore villig til å kidnappe kongen for same medikamenter.  

Men –, det som var litt negativt med denne lammelsen i kropp og sinn, var at eg ikkje fekk feber.

For det var jo nettopp derfor eg var der; for å få feber slik at man kan ta blodprøve på om eg har Malaria eller ikkje. Det er nemlig slik med Malariaprøver, at dei må takast når eg har ein «febertopp».

– Og ein treng vel ikkje å være overlege(n) for å innsjå at man kanskje ikkje får så altfor mykje feber når ein tygg smertestillande som er raudt merka med trekant på – annankvar time.

Men jauda, meir smerestillande fekk eg, vondare fekk eg i kropp (og sinn), og meir smertestillande fekk eg.  

Så venta eg ei stund til. Legen såg eg aldri.  

Så vart det leggetid då, eller «stelletid» så dei så fint kalte det på rommet eg låg på (sikkert eit begrep dei brukte før i tida, då kabaret var sjølvsagt selskapsmat og VG framleis vart kalla «Verdens Gang».)

Det tok si tid det. Eg venta.

Med desse flotte fruene som skulle vaske seg reinare enn ei Vanish-reklame og sitte på do lenger enn det tek å skru opp eit kleskap frå IKEA. Greit at eg har budd i kollektiv før og er tålmodig sann sett, men då sumarnatta svartna, eg var rusen som eit uvêr og i tillegg måtte tisse. Då. Då. Dååå.

Eg drog i den raude snora for å spørre om det kanskje var eit anna toalett på huset, men då fekk eg eit kontant svar om at eg måtte ned på besøksdoen i 1. etg.

Eg var i 6.

– Men dobesøket var det siste eg burde bekymra meg for.

I tillegg til meget redusert allmenntilstand hadde eg munnsår i heile (HEILE) munnen. Det var vondt det. I og med at eg var på eit sjukehus spurde eg om eg kunne få noko medisin mot det, men igjen fekk eg kun smertestillande.

Natta seig på og eg vart enda dårlegare, siste stikk frå sykesøstrene/smertestillandeballetten var at eg fekk ein gul og grøn tablett med ein raud prikk på.
Av naturlege årsakar spurde eg kva det var. Samtalen utvikla seg slik:

– kva er dette?

– Ehh.. ekje sikker, ska spørre…

4 min seinare

– Det er smertestillande

*lite sjokkert og oppgitt blikk*

– kva heite desse då?

– Eeeeh… ekje sikker.. ska gå å spørre…

4 min seinare

– Tramadol

… nei du, det viste seg at det var eit morfinlignande legemiddel. Så hyggelig då?! Alltid kjekt å få morfin når ein bokstaveleg talt ligg å venta på å få feber.

Eg sovna ganske fort, det gjor eg.

Ja, så vakna eg av at dei skulle måle feberen min for andre gong etter at eg kom dit. Litt mystisk i og med at dei skulle ta blodprøve ved ein febertopp.  Kva ein febertopp er, det veit eg enno ikkje, men morfin pluss fleire Ibux enn dei har på Esso i Stryn er ikkje lik febertopp. Sopass veit eg. Sopass har eg erfart.

Så var det febermålinga då;

– Menne… eg veit ikkje heilt korleis denne funka.. vent litt…(febermålaren altså)

4 minutt seinare

– Eg trur de e sann here… åja… 38 ja.. åsso ska enn vel legge på 0,5, trur eg? eg skriv 38,5…

Flott det. 38,5 i feber når eg er så full av drugs at eg ikkje veit kvar føtene mine er, eller om Mao er president i Noreg eller ikkje.

Neste gong eg vakna var det ei ny frøken som spurde om det var greit at ein sykepleierstudent var der. Så stakk ho meg i armen for å ta blodprøve. Så jauda, det var visst greit det.  

Så mine damer og herrer, så kom legen.

unnamed Kan du tenkje deg! Ein lege på Førde Sentralsjukehus! Det er jo like sannsynlig som at Kim Joung-Un har Tinder!
Legen klemde på magen min og spurte korleis eg hadde det, men om eg svarte huskar eg ikkje.

– Men han var der. Så gjekk han.

Eg rakk akkurat å ta “morgenstellet” før fruen til høgre (ei svært sosial dame) oppdaga at ho hadde felles bekjent med fruen som låg foran meg – Bjørn Inge frå Førde som no budde i Bergen. Ja, eg veit mykje om han Bjørn Inge… og meir skulle eg få vite. Dei prøvde å dra meg inn i samtalen, med ice-breakeren «nemmen.. dinna unge jenta her sammen med oss gamle damene». Eg var kanskje like gira på å delta i samtalen som en kinesisk fabrikkarbeidar er etter 19 timar på jobb – Eg svarte så pent at «eg er ikkje her for å sosialisere meg uansett». Frekt og fint.
Eg kjende at fortvilelsen syrna i kroppen og at eg rett og slett hadde fått nok.

Eg dro så hardt i den raude snora at ein skulle tru eg prøvde å få tak i PST.

– No har eg vore her i eit døgn og eg har ikkje sett ein einaste lege, for når eg såg han var eg så rusen at eg ikkje visste kvar eg var eingong. Eg er jo på eit  sjukehus, ein av dei einaste stadane i Sogn og Fjordane legar held til, så er det så forbanna få av dei? Greit nok at dykk ikkje veit kva so feilar meg men dykk kan no gjer ein liten innsats? Kvifor får eg smertestillande når eg ligg her å ventar på å få feber? Det er jo større sjanse for at eg får skrubbsår på kneet her eg ligg!!!!! Og ho så va inn her i natt, ei med verdas største snusleppe OG EG PRØVAR Å SLUTTE Å SNUSE. Ho kunne ikkje måle feber eingong! Tanteungen min på 11 kan det! Og ho visste ikkje kva ho ga meg? Og munnen min.. har dykk kanskje ikkje medisinar heller? Dessuten har eg bursdag i morgon.

Eg ville heim, så alt dette sa eg. På ein gong.  

Då vart det sving på sakene! Plutseleg kom legen, så tok dei blodprøver, og så – ENDELEG målte dei feber (på ordentlig).

Denne eine legen på Førde Sjukehus, som tydlegvis kjende eit visst press på å prestere, sa at eg skulle få dra heim samme dag.
Dette var sjølvsagt ikkje smertestillandeballetten enig i, dei ville ha meg der ein dag til. Kvifor? Det lurar eg også på.. eg var jo meir som eit inventar enn ein pasient. Det ferskaste inventaret sådan. Eg er jo berre 21 år.

Eg ringde i den raude snora, pakka sakene mine, tok av meg kjortelen og spurde etter noko medisin mot munnsåret, eller ganesåret som det hade utvikla seg til. – Vent litt. Så fekk eg ei halvtom (nei, ikkje halv full, så positiv var/er ikkje eg) flaske med Corsodyl til å kose meg med i sommarferien.
Men om man faktisk skal drikke av ei opna flaske frå medisinsk avdeling frå Førde Sentralsjukehus er eg ikkje heilt sikker på…

Eg kom meg heim med «ruta» frå skyss-stasjonen og nok ein gong heim til mor, som hadde Førde Sentralsjukehus på «favoritter» på mobiltelefonen etter å desperat prøvd å få dei til å leike sjukehus med meg – Korleis dette opphaldet hadde vore utan at ho mor var på hot-line frå Stryn tør eg ikkje tenkje på ein gong.

Eg var sjukemeldt i ein månad etter dette, og prøvene eg tok?

– Dei har eg enno ikkje fått svar på.

Merket med , , , ,

Svikar i regnjakke

Det var ein regnfull, grå og grumsete dag i Hoi An. Regnet trampa ned, og gatene var bokstavelig talt oversvømt – og det var den dagen eg følte meg som verdas største svikar.

Skorstein på si side var heller fortvila, for ho har nettopp hatt eksamen i ”Vann og Avløp”, så at ein heil by vart oversvømt av ein liten regnskur fekk ho til å rive seg i håret, og uffe seg over dei vann-og-avløpsansvarlige i Hoi An.

Dei vi budde på rom med på hostellet visste ikkje korleis ein Air condition fungerte, og bestemte seg for at 16 grader var den perfekte inne temperatur (30 grader kaldare enn ute). Etter streng opplæring frå Øen Kuldeteknikk, veit vi begge to at det er altfor kaldt. Derfor snøra vi på oss regnjakkene og jekk ut i den skumle natta, for vi kunne jo ikkje bli sjuke på nytt!

Vi traska og gjekk, og konkluderte med at Hoi An faktisk var ein ”by”, med kun ein type butikkar; skreddarar. Det vil seie butikkar kor du kan gå inn, peike på ein kjole du vil ha (eller teikne den sjølv), så får du den fiks ferdig dagen etter til ein gla’pris.

I og med at desse butikkane var einaste plassen vi kunne søke ly, måtte vi jo berre innom ein. Og derifrå balla det godt på seg… 200 kroner for ein kjole som passar deg perfekt, med dårleg saum, eit stoff som smeltar om du kjem i nærleiken av eit telys og tidenes språkbarriere? – vi såg på det som ein konkurranse, kor det var om å gjere å få best resultat.

Vi tenker jo eigentleg ikkje så mykje rundt ting når vi er på tur, så dette vart litt av ei utfordring, for plutseleg var det svært mykje vi måtte ta stilling til. Frå Mari si side var det mykje tenking fordi ho brått oppdaga at ho kunne velge blant alle kjolar i heile verda og få det akkurat slik som ho ville. Frå mi side var det heller eit lite mentalt arbeid, for når samtlige delar av min familie har akkurat dette som levebrød og derfor var eg naturleg nok litt vel kritisk og følte meg som ein svikar. Ein stooor svikar.

Meeen medan Mari tok mål på sin kjole teikna eg ein liten gla’kjole, tok mål, valde stoff og gjekk derifrå.

Som sagt var det kun hos skreddarane vi kunne søke ly, så då blei det brått ein skreddarsydd trenchcoat og eigendesigna skinnveske i tillegg. Alt til den nette sum av 1000 kroner per person.

Dette måtte sjølvsagt feirast og gløymast. For som backpacker er det nemleg ikkje lett å flekke ut 1000 kroner, når vi lev på 100 kroner dagen… Vi para opp med nokre skottar, tok oss nokre øl, og før vi visste ordet av det var vi på ein natklubb ala Jersey Shore med altfor mange britar i altfor trange ”I ❤ vietnam” – singlettar og jenter med bikinitopp og kortkort blomstrete shorts. Også var det oss då – i ført klissvåte regnjakker, feitt hår, ingen sminke, levis shorts og sove-toppen (den vi søve i). Men kule, det var vi. Vi var faktisk så kule at vi drakk på heilt til det stengde, og tusla ned til stranda for å sjå på soloppgangen (då tok vi av oss jakkene). Nei, det vert jo ikkje meir morosamt ein kva man lagar det til sjølv, så eit lite ølkalas skal ein ikkje undervurdere…

På stranda var allereie dei lokale i full sving med morgengymnastikk og plasking i vatnet. Så ja, vi sklei jo rett inn…

Vel heime var vår lokale etestad open og som dei første kundane smalt vi til med ei (super)sterk suppe med nudlar, egg og kjøt. Samt litt greiner og urter. Framleis forberedt på ein ny regnskur, med Bergansjakka trygt plassert under armen, i 40 grader, sol og plettfri himmel.

Etter nokre knappe timar søvn henta vi kledene våre, som faktisk var mykje finare enn forventa og trippa på nattbussen til Hanoi (18 timars busstur, forresten). Om saumen held til vi kjem til Noreg får vi berre håpe på, men om dei ikkje skulle vare så lenge, så var det ei relativt fantastisk oppleving!

 

 

Tailor united

Tailor united

styremøte i Studiegruppe 1 i Hoi An

heisann bloggeeeeen!

Då er vi i Hoi An etter ein svært innholdsrik busstur med ein lokal buss frå Da Nang. Første delen av det som viste seg å vere ein 45 minutters lang tur, satt vi på golvet, rett ved sida av nokre kar som tydligvis hadde blitt brukt til å oppbevare fisk i. festlige greier…
andre delen av turen fekk vi sitteplass, noko som eigentleg burde vere sjølvsagt då vi måtte (ja, måtte) betale tre gongar så mykje for bussbilletten enn det dei lokale gjor… men, det ser ut til at det er slik det fungerar i dette landet. prisen vert alltid bestemt på staden og i forhold til kor vestleg du er. som blond og solbrendt scorar eg derfor svært høgt på «potensielle folk ein kan lure»-scalaen.

image

ellers har vi fylt dagane med is-eting, vandring og sjåing. I denne byen er det til og med ei gate i «gamlebyen» kor det ikkje køyrer scooterar eller bilar! fantastisk! der er jo knuskande stille! Gledar meg til fleire byar i Asia ser verdien av gågater.

Vi har også hatt eit lite møte i Studiegruppe 1 kor vi diskuterte våre stillingar i gruppa. For det er jo svært viktig med ansvarsfordeling, samt å vite kven som skal vite kva. Etter harde forhandlingar kom vi fram til:

Skorstein
økonomi og veskeansvarlig.
denne rolla innebærer;
-ta fram pengar og betale og sjå til at vi har nok pengar i veska til ei kvar tid
-bære veska og passe på at den ikkje blir stjelt.
– samt å halde styr på kor vi har havregrauten og bestikket vårt og passe på at vi smøre oss med solkrem og har med dopapir.

image

Staalnacke
veg og væskeansvarlig.
-passe på at vi får i oss nok væske og at det alltid er mulegheit for dobesøk (om ikkje må dette informerast om)
-alltid ha eit kart på innerlomma og navigere oss i riktig retning
-samt å ha oversikt over kor tannkremen er, og at viktig-mappa ligg på ein trygg stad.

over og ut.

image

horreheite de…

ja, då var dataladaren til Skorstein øydelagt…
men vi skal kjøpe ny!

dei siste dagane har vi verkeleg fått gjort mykje!  skulle tru vi prøva å runde Vietnam på ei veke…

Vi dro frå Ho Chi Minh til Da Nang med tog. kor lang den togturen var fekk vi aldri tak på, men det viste seg at det tok 16 timar. 16 klamme og rare timar…

Framme i Da Lang gjekk vi rett på stranda med våre sommarbleike kroppar.
fy flate så hett her er!

men nok om det…

i dag betalte vi 1,800 000 lokale pengar for å køyre verdas lengste gondol(karusellentusiast Staalnacke var sjølvsagt i 100!) , sjå ei stor buddah (bygd i 1999 btw), ete buffet (luksus for backpackera)og ta karusellar i eit slott som likna på det i Shrek filmane. meget surrealistisk… Turistattraksjonen var flunkande ny, og tydligvis veeeldig populær blandt lokalbefolkninga. derfor var det eigentleg meget travelt, for alle ville jo ta bilete med oss. svette og fæle…

nok om det…

image

her er oss i vogn 5 på SE4 toget, tredje etasje (rett under air conditionen med influensa)

Kulinariske opplevingar utan smakssans

Ja, det tok to daga det. To daga før eg vart sjuk, men rennande nase, sår hals og det vi på godt norsk kalla tett i pappen.

Men, det puttla no og går fordi (kanskje takka vere at eg tok Paralgin Forte i staden for Paracet i sta…).
I går var vi ute å drakk litt, og hadde tomannsnach på rommet. Temmelig festleg, for vi er jo heidundrandes morosamme begge to! Når klokka bikka fire fann vi også ut at vi skulle vidare på ferda etter frukost (10:00), så då vart det brått alle mann til pumpene for å finne ut kvar vi faktisk ville. Sidan vi eigentleg var litt for trøtte frista det mest med ein laaang togtur, så det vart det det. 17 timar tog til Da Nang.

oss

Sjølvsagt var vi litt for seine med å bestille billettar når vi vakna, men 12 timar ekstra i Ho Chi Minh skremmer ikkje oss! Vi har kjøpt oss frukt (tenke på helsa, veit du…), vi har hatt picnic i parken, vi har vore på supermarked, vi har (Mari har) lest bok, vi har bestilt flybillett frå Hanoi til Ho Chi Minh og vi (eg) har sove på ein liten, klam skinnsofa.

I dag var også dagen for å smake på ny mat. Vi byrja dagen med ei utsøkt Beef noodle Soup (utan beef), kjøpt på ein etestad (ikkje restaurant), der ingen andre enn vi, eller arbeidarklasse-vietnamesarar ville ha ete. Ikkje fordi maten ikkje var god, men heller fordi dei ikkje hadde jobba så mykje med det materielle og visuelle (ref bilete over).
Vi har også smakt rispapir-rullar med satay-saus (vårrull sin sunne lillebror) og ei slags egg-pannekake med mykje olje og bønnespirar. Var det godt? Ja, det var kjempegodt, men det nådde dessverre ikkje heilt opp til Pad Thai i vårt velorganiserte mat-hieraki.

P1060170

Om 15 minutt  skal vi som sagt ta natt-toget til Da Nang, kor vi skal vere i nokre dagar, før vi drar pittelitt sørover til Hoi An. Kva vi skal gjer der, kva som er å gjer der og korleis det er der veit vi ikkje endå, men bra blir det nok!

Innholdsrik gåtur på lavbudsjett

For ein dag, for ein innoldsrik dag!

Jet-lag som vi er, vakna vi klokka to, heiv på oss kleda og bar av gårde til eit marked kor vi kjøpte ein smoothie. Denne smoothien levde vi på gjennom fem timar med trasking og sjåing.

P1060141

 

Først kom vi over vietnam war museum. Der var det mykje elendighet, mykje interesant og mykje som ikkje hadde vert lov til å eksponere i Noreg. I og med at vi faktisk ikkje kan noko om vietnamkrigen, lagde vi så og sei vår eigen teori på kva som skjedde, kvifor det skjedde og kven som var på lag. Så om det stemme hadde vore morosamt å vite…

Men det vi visste var at det ikkje er kjekt å vere vietmankrig-veteran, og no skjønte vi kvifor. Når det til og med har gitt varige men å vere ”vietnamkrig-museum i Ho chi Minh”- veteran… offa…

Men det skal seiast, dei må no ha hatt litt svin på skogen dei og, men det turte dei ikkje å innrømme på det museumet…

 

P1060145

 

Vidare bar turen til ein katedral, som sjølvsagt var stengt, men vi fekk glimpsa nokre nonner og høyre litt vietnamesisk allsang aka salmar.

Rett ved katedralen var det også eit postkontor som mr. Eiffel hadde teikna. Eigentleg ganske likt posthallen i Oslo, bortsett frå at der var verdas største bilete av President Ho chi Minh på veggen. I det vi entra dette postkontoret gjekk det også opp for meg at vi faktisk var på eit postkontor, så samtlige av våre nære og kjære kan faktisk vente seg eit postkort from Vietnam with love.

 

 

P1060159

Vi har også bumpa borti eit tempel som sikkert er noko som er kult å sjå, samt utveksla nokre velvalgte engelske ord med nokre søte små (ekte) munkar. I tillegg til at vi kom over ei slags kampsport trening. Der var det blodtrena folk i alle aldrar som gjekk i spagat, tok salto, spente krok og rulla seg på den våte, glatte og kalde asfalten. Ja, for det har forresten vore relativt dårleg veit i dag. Vi har liksom ikkje fått brukt dei kule solbrillene våre…

 

P1060160

 

Akkurat no er vi på rommet vårt for å dusje, ta ein øl og dra ein tur ut i det fancypancy distriktet. Men først må vi dusje håret vårt som er like fett som ei frityrgryte og dusje av eit tjukt lag av eksos og støv som har klistra seg på oss i løpet av dagen.

Skål!